Kjøpsbetingelsar

1. Bestilling og betaling

Booking av badstu skjer via nettsida. Bestillinga er bindande når betaling er gjennomført og kunden har motteke stadfesting på e-post eller SMS.

2. Pris

Alle prisar er oppgjevne i norske kroner (NOK) og inkluderer merverdiavgift dersom dette er påkravd etter gjeldande regelverk.

3. Avbestilling og endring

  • Avbestilling seinast 48 timar før booka tidspunkt gir full refusjon.
  • Avbestilling mellom 48 og 24 timar før booka tidspunkt gir 50 % refusjon.
  • Ved avbestilling mindre enn 24 timar før booka tidspunkt blir det ikkje gitt refusjon.
  • Eventuelle endringar av booking kan gjerast etter avtale dersom kapasiteten tillet det.

4. Manglande oppmøte

Ved manglande oppmøte utan førehandsgitt beskjed fell retten til refusjon bort.

5. Bruk av badstua

  • Badstua skal brukast på ein trygg og omsynsfull måte.
  • Gjestar må følgje oppslag og instruksjonar på staden.
  • Personar som er påverka av alkohol eller andre rusmiddel kan bli nekta tilgang utan refusjon.
  • Barn under 16 år skal vere i følgje med ansvarleg vaksen.

6. Ansvar

Opphald og bruk av badstua skjer på eige ansvar. Eigar tek ikkje ansvar for personskadar, tap eller skade på personlege eigedelar med mindre dette skuldast grov aktløyse eller forhold eigar er direkte ansvarleg for.

7. Driftstans og force majeure

Dersom badstua må stengjast på grunn av tekniske problem, vêrforhold, straumbrot eller andre forhold utanfor eigars kontroll, vil kunden få tilbod om nytt tidspunkt eller refusjon av innbetalt beløp.

8. Personvern

Personopplysningar som blir registrerte ved booking blir berre brukte for å administrere bestillinga og behandla i samsvar med gjeldande personvernlovgiving.

9. Kontakt

Spørsmål om booking eller kjøpsbetingelsar kan rettast til arrangøren via kontaktinformasjonen oppgjeven på nettsida.